Slaraffenliv og madeira

Lett sjukdom har oppsøkt meg, og eg er heime frå arbeid. Ligg på sofaen og les tidsskrift og drikk madeira. Forbasket godt(tm). Prøver også med litt sjokolade til. The Chocolate Society sin Organic 67% (laga av Valrhona) er bra. Den er ganske søt, Valrhona har lågare kakaoprosent enn majoriteten av andre kvalitetsprodusentar. Medan andre ligg i skiktet 70-75%, så er dei mest populære sjokoladane til Valrhona 64-66%, med Guanaja på 70% som eit unntak.

5 Responses to “Slaraffenliv og madeira”

  1. fattern Says:

    Nei, sjukdomen er neppe av det alvorlege slaget, når du greier halda styr på alle kakao-prosentane. Eg er meir bekymra for promillen!

  2. hvrd Says:

    Slit ein med promillane er det fort å få problemer med prosentane òg.

  3. Håvard Says:

    Litt alkohol er bra mot bakterier.

  4. Fattern Says:

    - men det må ikkje bli mykje! Tenk på slekta på fars-sida, med diplom i glas og råme for lang og trufast teneste i fråhaldsrørsla!

  5. A. Says:

    Ikkje eit vondt ord om GodGuten eller fråhaldsrørsla, men han kan vel reknast som ein fråfallen blant dei fråhaldne.

    Ei lenkje:
    http://www.geocities.com/ruptibra/

Leave a Reply