Laurdag, jau det betyr flaxlodd til familien.
For dei som les Bergens Tidene på laurdagar, så har dei sikkert sett at det er ein ny og relativt enkel måte å få seg fem flaxlodd. Du må sende inn liste med trivialitetar til Atle Nielsen. Dei som kjem på trykk får flaxlodd. Dei som følgjer godt med har kanskje sett at far min har vore med tre gonger. Tre gonger! Far min er adjunkt med opprykk og trebornsfar og fullt mogleg å slå. Så send inn.
Elles er eg framleis frisk sjølv om eg har drukke vatn. Kanskje verda stend te påske, eller nokon har godt immunforsvar.
november 8th, 2004 at 13:45
Jaudå, det meste av det som skrive står ovanfor stemmer. Men eg har framleis til gode å sjå noko til Flax-lodda. Kanskje dei har flaksa vekk i blåsten (”Tatt av vinden”, Margaret Mitchell - bok om den amerikanske borgarkrigen (nei, eg snakkar ikkje om valet 2. november d.å.)
Når det gjeld listene, må dei halda høg kvalitet. Kriterier: Dei må vera vesentlege, aktuelle, relevante, ha historisk interesse, ikkje vera publiserte før, ha kuriøs verdi, vera “smale” i emneval, gjerne litt sprøe, m.m.m.) - så det er litt av ei bragd å bli utvald! Berre prøv!
Apropos immunforsvar: Med så mykje fiskepinnar og potetstapp-pulver utblanda i brunt vatn frå Bekkjavatnet gjennom mange år du har sett til livs, skulle du vera sikra for all framtid!
november 8th, 2004 at 13:58
Eg visste ikkje at du blanda ut fiskepinnane i vatn!! Men det er godt å høyre at immunforsvaret i allefall er i boks.
november 8th, 2004 at 22:25
Det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av! (- eller var det omvendt?)
november 9th, 2004 at 12:37
Eg ser sjølvsagt for meg ein kombinasjon her: Ei liste over fedremiddagar, her er mitt bidrag:
Heilsvidde fiskepinner (men framleis kalde inni) med mikroølgeomnkokt smør (kalla “saus”) og kvarterskokte poteter
Elles er vel bordet dekka og duka for eit listeoppgjer i BT mellom far og son: førstemann til tre publiserte lister frå no av
november 9th, 2004 at 20:57
Gjerne for meg!
Så får me sjå om gamlingen er eldst, eller om ung kreativitet når lengst.