I dag såg eg..

På veg til butikken møtte eg eit tvillingpar på veg dit ein får kjøpe fargerike pastillar. Dei var ikkje likt kledd, men dei såg like slitne ut beggje to.

Elles var eg på polet og fekk den nye tingingslista. Og der var det mykje spanande for ein kar som meg som likar nord-Rhone. Cote Rotie frå Pierre Gaillard. Clape er ute med 2002 Cornas Renaissance og Cornas 2000. Belle far og søner kjem endeleg med Hermitage 1999 etter å ha hatt Crozes i lista i mange år. Men mest spanande er Hermitage frå Vins de Vienne. Dette er tre karar (Cuilleron, Gaillard og Villard) som driv litt kvar for seg, men som her har gått saman for å lage vin frå stader dei ikkje har gjort før. Dei har også ein vin som heiter Sotanum 2002 frå ein for meg ukjend appellasjon i Rhonedalen.

Ah.. det er helg.

One Response to “I dag såg eg..”

  1. Håvard Says:

    Etter litt tilfeldig lesing i tjukke øker, så har eg kome fram til at den ukjende appellasjonen i Rhonedalen (Colline Rhonedanienne) truleg er eller har vore VDP eller Vin de Pays. (Landvin, tredje kvalitetsklasse med mindre strenge reglar til avkastning og alkoholprosent).

    No er vel alle letta og opplyste.

Leave a Reply