Biffen er ferdig og nye filmar kjem på plakaten
Det vart tre dokumentarar denne gongen på BIFF. Var og såg Hawaii, Oslo i kveld. Vi hadde tinga ved og dei kom midt i middagen. Bar opp 15 sekker. Fekk litt hjelp av Nabokarane, og dei fekk kaffi og bollar etterpå. Det var litt regn då eg gjekk heim og A tykte at det var mykje fine jenter ute i dag. E er i villreie om kva fotoutstyr han skal satse på. Kanskje ryk Hassyen.
oktober 28th, 2004 at 20:30
Hawai Oslo går i Førde for tida. Kanskje eg burde sjå han?
november 1st, 2004 at 15:48
Absolutt! Veldig bra film! Eller som Are Kalvø kanskje ville sagt det; Dersom du berre skal sjå ein film dette året, så går du for lite på kino.
november 4th, 2004 at 18:11
Jaudå, filmen var vel verd å sjå. Vesentlege tema, handlingar som vov seg inn i kvarandre, open slutt. Gav noko å bryne hjernecellene på.
Likna på ein utanlandsk film eg så for ei tid sidan. Kjem ikkje på tittelen.