BIFF og kotelettar
Var på kino og såg ein festivalfilm i dag. The revolution will not be televised. Om kuppet i Venezuela april 2002 mot president Hugo Chavez. Eit irsk tv-team var på plass for å lage dokumentar om president Chavez då dei fekk orkesterplass til det fjernsynsregiserte kuppet leia av den rike høgresida i landet. For de som er i Bergen og er interesserte i media og demokrati, så er det berre å springe og sjå. Smakte eit par av sjokoladane frå London i dag. Mangaro Lait frå Michel Cluizel. Dette er ein mjølkesjokolade med 50% kakaoinnhald frå Madagaskar. Mmm. Så var det Jamaica 70% frå gutta frå California (Scharffen Berger). Dette er grovkverna kakaoaønner, sukker og vanilje slik dei gjorde det i gamle dagar. Knaskigt og godt. Ei aning alkohol og som dei andre Scharffen Bergers; tre og tobakk.
4 gram post og ein mail. Nakkekotelettar og ratatuille til middag.
oktober 14th, 2004 at 23:19
Heia Hugo! Han har noko for seg den mannen der, ja. Eg har høyrt at dei har mange flotte firefelts motorvegar i Venezuela, muligens fordi dei 80 rikingane skal kunne kappkøyre til Angel Falls med sine lettkledde sportbilar.
oktober 15th, 2004 at 14:41
Ja, Venezuela er sanneleg eit interessant land. Venleikstevlingar, olje, rom og den beste kakaoen i verda. Dei vann 3-1 over Ecuador i VM-kvalik og forresten.
oktober 16th, 2004 at 18:08
Eg trur den dokumentaren kanskje er den same som eg såg på utsyn på NRK tidlegare i år, og den var knakande god. Eg må få gje deg eit BIFF-tips med det same: Old Boy er ein fantastisk valdsfilm frå Sør-Korea. Siste sjanse er seint søndag kveld. Sjå den!!