Henrik Ibsen - ei ølstove i Bergen

Ah! Øl kan vere bra greier. Jörg, Gjermund og eg stakk på Henriks etter kamerklubbmøtet. Der vart det servert digitale naturbilete. Det er eit stykke att til diaskvalitet, men ikkje verst.

Elles er eg ikkje så imponert over responsen her på sida. De har fått melding? Vel, eg driv med mitt , men er eit menneske av kjøt og blod og kjensler. Her blottlegg eg mi sjel, men kva får eg att? Berre kyniske kikkarar. Verda går vel under snart så eg får ete opp sjokoladen eg har kjøpt.

Fekk 440 gram post i dag, men berre ein mail.

5 Responses to “Henrik Ibsen - ei ølstove i Bergen”

  1. Olaug Says:

    Klart du skal få ein kommentar, Håvard! Du skal også få ei lenkje.

  2. Døgenikten Says:

    Ah! Og dei som trudde at syting og masing ikkje lenger funka! Ha! Gråt dykk i senk.

    Takkar så mykje for omtanke og lenkje. Eg får skvise deg inn i kveldsøna mellom Kåre Willoc og Steinar Lem. Kanskje du kan få smake litt sjokolade og.

  3. A. Says:

    Her skulle eg verkeleg gosse meg over manglande kommentering og vere generelt ugrei og så kjem Olaug og øydelegg alt saman. La ein stakkars raljist i fred!

    Trur ingen av dei to kikkarane er spesielt kyniske av seg, men beggje synes det er gripande lesnad når du fortel om flått på unemnelege stader.
    (eg kommenterer sjølvsagt berre av di du betalar meg for det)

    Er dette eit dårleg tidspunkt å spørje om du har fått laga dei kontaktkopiane for meg eller?

  4. H Says:

    Nei, kontaktkopiane er ikkje laga. Men eg har nokre eg skulle laga til meg sjølv og, så det skal nok bli gjort. Fekk eit underleg og ubrukeleg resultat då eg batch converta nokre av dei skanningane eg gjorde hjå Kenneth på tysdag. Skal prøve att. Orginalen er grei, om enn noko mykje støv.

  5. Fattern Says:

    Har meir sansen for gamle Henrik’en enn det brune brygget…..
    “Betre øri du ber kje i bakken enn mannevit mykje”
    “Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykk med øl”

Leave a Reply