Om aa skaffe seg mat

Eg var ikkje saa troeytt, saa eg lurte paa kva eg skulle finne paa. Klokka var 23. Eg oppdaga att eg var svolten. Saa eg tok gjekk ut og byrja aa gaa i austleg retning. Hadde dette vore Oslo ville det truleg ha dukka opp ein seven-eleven etter to minutt. Men som det stod i London-guideboka eg hadde kjoept; The City er daud i helgene. Dette stemte saers godt med det eg opplevde. Ikkje ein einaste stad som selde noko etande. Eg gjekk og gjekk. Etter kvart maatte eg snu. Eg tok ei anna gate attende og fann ikkje tilbake. Eg gjekk no holsvolten paa maafaa og bestemte meg for at eg skulle kjoepe noko paa den fyrste og beste staden som dukka opp. Saa viser det seg at den fyrste plassen er KFC, og eg held fram. Eg vert gaaande bak eit par fulle finske jenter og vurderer om eg skal proeve meg paa nokre finske gloser. EG let vere. Eg er no inne i eit meir slitt stroek. Kjem over ein Texacostasjon rett foer eg fell om av svolt. Kjoeper Kjipe sandwicher, chips og jordbaervatn (1). Proever aa finne attende til St Pauls cathedral der eg bur, men maa konstatere at eg er lost. Tek litt buss og kjem til slutt heim.

(1) Jordbaervatn er soeta vatn med jordbaersmak fraa Frankrike

Leave a Reply