It is over when it is over
Vakna ti minutt foer frukostserveringa stengde, og maatte skunde meg ned til den nitriste frukosten. Den var trass alt inkludert i prisen. Stakk ut og gjekk litt rundt i Hyde Park. Knipsa og lytta til ulike synspunkt paa Speakers Corner. Det var mest kristne forkynnarar og sosialistar. Bra det. Hoeyrde nokre nordmenn som handla korv i ein kiosk i parken. Var innom digre Selfridges. Gjekk til Fortnum and Mason og kjoepte sjokolade. Fekk endeleg tak i Pralus. Det vart Madagaskar, Java og ein som heiter Fortissimo med 80% kakaoinnhald. Dei hadde ein del bra Tokajivinar, men det vart for dyrt. Pengane flyg. Maa finne korleis eg skal kome meg til ein stad aust i London som ikkje er med paa kartet i den daarlege guiden eg kjopte i Bergen. Der vert det chill out med sjokoladegutta. Steve vert truleg full. Igjen. Eg har teke tre og ein halv film. Delta 100, Scala 200 og Elitechrome 100 Extra Color. Trudde ikkje det skulle verte saa mykje, men Brighton var fint.