Regnrekord

Det var i dag ei elv frå krysset Inndalsvegen/Bjørnsonsgate og til gamle Nygårdsbru. Dersom det skal halde fram som dette, vert eg nøydd til investere i skoovertrekk. No har eg nokre som er “innebygde” i regnbuksa, men desse er ikkje gode nok i slike vassmassar som det var i dag.

Elles hadde eg i dag fått seks nye e-postar, og det kom 53 gram post.

Var på tur med studentkyrkjelyden til Skjærgårdstunet på Askøy i helga. Her kjem eit bilete frå skogen.


Minolta CLE, Summicron 40/2, Provia F100 og litt blitz.

2 Responses to “Regnrekord”

  1. hg Says:

    Eg har prøvd nokre vanntette sko som kan tilrådast på det sterkaste. Dei er 100% vanntette og når som regel eit godt stykke opp på leggen. Ein får dei i ei mengd ulike fargar og modellar. Der finst endåtil dei som er integrerte i regnbuksa. I yngre dagar brukte ein gjerne ein avart som var fora.

  2. Olaug Says:

    Det var jammen eit fint bilete!

Leave a Reply