august 9th, 2008

Her ein dag var Endre og eg ute å gjekk i gatene, og rett som det var stogga vi for litt kaffi og ein matbete. Vi tinga kaffi, men det vart og det rakk før han kom på bordet. Etter at vi hadde etterlyst han to gonger, fekk vi til slutt kaffien vår, og som plaster på såret, ein “Fortune Cookie” kvar. Meldinga på lappen inne i kjeksen var slett ikkje verst!
No skal eg ut å kjøpe ingrediensar til eit godt måltid, så får vi sjå om eg klarer å utrette “anything” med dei.
Elles har det vore ein fin laurdagsfrukost med The Shins, Dag og Tid og iskaffi. Nett som i gamle dagar.
Posted in Tant og fjas, Bli steinrik i ein fei!!, Samfunn | 1 Comment »
juli 30th, 2008
Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste på ekspedisjon med utgangspunkt Masfjorden. Målet var Solund, og ein matbete på omtalte Solund Bryggje. Vi byrja tidleg morgon med kabelferje over til Duesund, før det bar vestover forbi Hosteland og Risnes før vi var over i gode gamle Sogn og Fjordane og Gulen kommune. Så var det rett nordover på austsida av Eidsfjorden, forbi Grinde, Molde, Dalsøyra, Nese, Haveland og Nordgulen, før vi kom over eit lite fjell og ned til Rutledal. Ferja til Krakhella var innom Losna, og brukte gode 40 minutt. Vegen til Hardbakke var smal, men vi kom no fram og fekk oss god fiskesuppe med brød attåt. Så var det attende. Far bak rattet og eg bak Nikon. Frå Rutledal bar det no austover til Brekke, der vi svinga oss opp på fjellet og gjennom Ynnesdalen. Ein stopp på Wergeland-bautaen, og så vidare. Alltid vidare. I enden av Ynnesdalsvatnen var vi over att i Hordaland, og Duesund var ikkje langt unna.

Øya Losna i Solund kommune rett forut.

Fiskesuppe og litt Petit Chablis på Solund Bryggje.

Ferjestaden Krakhella.

Smal og svingete veg, med kyr og skit opp til 480 moh.

Det er jo Wergelandår i år! “Brød av Steen og Aand af Strile”
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Gastronomi, Samfunn, Fotball og bilkøyring | No Comments »
juli 29th, 2008
Jau, so var vi i mål. Siste bryllaup er unnagjort i år. I varmt og godt ver i vakre og ville Nordfjord. Vi starta frå hytta i Sogndal og fekk med oss ein stopp i Bokbyen i Fjærland, kleskjøp i Innvik og Olden, før vi installerte oss på luksuriøse Hotell Alexsandra i Loen. Den nye ulldressen frå RiccoVero var fin, men noko varm, men truleg ikkje like varm som brudgommen sin Nord-Trøndelag-bunad av gode 6 kg ull. Etter ei flott vigsle på engelsk og norsk var det Crêmant de Bourgogne og ambisiøs fellesfotografering med Skåla i bakgrunnen. Maten var god og australiarane hadde smugla med seg ein del magnumflasker av Centenary of Federation Wine 1999, som vi fekk å drikke til kalvefileten. Ein vin blanda av Brian Croser og Len Evans med vin frå alle dei vinprodusernade distikta i Australia, til hundreårsmarkeringa av at landet vart ein føderasjon i 1901. Hovudsakleg cabernet og shiraz. Vinen viste relativt kjølige fruktaromaer, jord og noko animalsk. Søtlig anslag men tørr fin finish. Litt for kraftig for kalven, men av dei betre vinane eg har smakt frå det store kontinentet down under.

Alex og fine fjell.

Flott laaang bil må til.

Håkon and Susie. Just married!
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Gastronomi, In vino veritas, Samfunn | No Comments »
juli 21st, 2008
På `an igjen. Denne gongen på Håholmen nord for Molde, eit steinkast ute i Atlanterhavsvegen. Ein strålande dag på ein finfin plass. Møre og Romsdal flørta vilt med oss, og vi let oss begeistre. Sjøkreps, vågekval og breiflabb vart servert og i glaset fekk vi Hugel Gentil og Chablis frå J. Moreau & Fils. Slett ikkje verst.
Vi køyrde frå Førde på fredag og hadde ei natt på The Beach, i husværet åt H&A. Takka so mykje. Flott utsikt, men golvet gynga faretruande under ei gjennomkøyring av I sitt jympapass. Trass i at ferjene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal no er slegne saman i Fjord1-konsernet, har dei ulike måtar å ta betaling på.
Det vart etterkvart kaffi og kaker, men overraskande lite kaker, når ein tenkjer på at det var ein god del sunnmøringar til stades. Skodespelarane gjorde heller lite av seg og det vert litt trekk for det.

Atlanterhavsvegen.

Nokon passar på i havgapet.

“.. ein forliste drøm frå eit somargrønt land.”

Mary McKear er hard på flaska.

Det var mange om beinet, og det var berre å stille seg i kø etter offisielle og halvoffisielle fotografar.

Det vart forsøkt med ymse lukkartider, blendarar og “avalable light”. Til slutt vart det noko mørkt, og eg måtte ty til lett blitzing.
Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | No Comments »
juli 21st, 2008
LO og O hadde eit strålande bryllaup på Jølster. Moderat til fint ver, mykje godtfolk, god mat og eit svært høgt nivå på talane. Utover kvelden vart det morosame innslag av typen audiovisuelle og vokale. Kaffien og kakene sat laust og praten gjekk ned. Utover natta vart det dans og sprell til musikk av Ungdomskulen. Truleg einaste gongen det har vorte dansa polonese til highspeed-alternative-jazz-prog!



Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | No Comments »
juli 15th, 2008
I Lillesand var det varmt og flott sumarvêr og god stemning blant bryllaupsgjestane. Oppladinga på Eiet var også upåklageleg med god barnevakt av oldeforeldre, kirsebær frå hagen og fersk makrell til middag. Vi fekk også ein kort tur ut på Tromøya, men båtturen regna vekk.

Mor, barn og markjordbær.

Dei lukkelege nygifte.

Las chicas.

Ein pust i skuggen før middagen. Aili får merksemd frå både chilenarar og italienarar.
Posted in Tant og fjas, Fotografert | No Comments »
juli 15th, 2008
22. juni var det tid for Aili å verte medlem av Kyrkja, den norske. Saman med sju andre dåpsborn og full kyrkje vart det høgt volum på song og skrik. Etterpå var det mat, kaker og samver i Langeberget.

Prest, foreldre, Aili og fadrar.

Den vesle familien ™

Aili posere i det grøne med 100 år gamal dåpskjole.
Posted in Fotografert, Samfunn | No Comments »
juli 9th, 2008
Då eg var yngre, samla eg også på ting og tang. Dei hadde dog vesentlig mindre verdi enn dagens vinsamling. Det begynte med “fine” steinar, prislappar, kassalappar, klistremerkje, frimerkje og viskelær. Viskelærsamlinga kom for ein dag då eg kikka i gamalt rot. Her er noko av samlinga. Eg likte godt desse som ser ut som is, og som det står “Non-Toxic Don´t eat” på.



Posted in Tant og fjas, Fotografert, Samfunn | No Comments »
juni 15th, 2008
Vi har flytta, og gamle ting dukkar opp/kjem til overflata. Trufaste lesarar av bloggen har kanskje lagt merkje til at det i nyare tid har blitt posta meir bilete. Dette har jo samband med at eg no ikkje lenger må ta vegen om skanning av emulsjonsbasterte bilete, men kan via kabel overføre dei rett frå fotoapparatet. Nye tider altså.

Noko av det minste og festlegaste eg har kjøpt i Lille Øvregaten 4.

Cosina CX-2 var model for russiske Lomo og hadde motor som ekstrautstyr!

Eit polaroidkamera funne i Masfjorden. Har ikkje prøvd om det funkar.

Lubitel 166, sjarmerande men upålitelig russar.

Leica CL, utrangert etter eit ublidt møte med havet utanfor Sør-Afrika.
Posted in Fotografert, Observert og klypt, Samfunn | 1 Comment »
juni 15th, 2008
Etter at eg fekk ny sivil status, før: gift, no: gift 1 barn, har hendene vore fulle av alt anna enn bøker og lesing. Den einaste boka eg har lese etter januar er Vegen til førerkortet, og det var ingen pageturner, for å seie det sånn. Men på biblioteket fann eg fram litt på måfå til Hermanas av Torgrim Eggen. Ein roman om ein ung poet sin oppvekst på Cuba på 70- og 80-talet. Sentrale tema er kjærleik, sensur og politikk, ispedd litt sex og nokre historiske faktaboksar. Fyrst og fremst er det ei bok med 60% kjærleik og 70% beisk kritikk til Cuba, og regimet som styrer landet. God bok. Spring og lån hjå din næraste bokbuss.
Posted in Bøker, Samfunn | No Comments »