Bloggen er på flyttefot

januar 7th, 2009

Trass i eit vakkert ytre, har det ulma på baksida av bloggen. Teknisk trøbbel og spam i søkk og spann. No har altså ein av mine edb-konsulentar vore så flittig å flytta bloggen og dei gamle greiene. Den gamle vert lagt ned om nokre dagar så dersom det skulle vere nokon tvil;

DETTE ER DEN GAMLE BLOGGEN, DEN NYE FINN DU PÅ WWW.DAGANE.WORDPRESS.COM

velkomen vidare!

2008 eit julebrev

desember 26th, 2008

I 2008 vart vi tre og det har sett eit kraftig preg på dette året. Aili kom til verda 15 dagar på overtid og etter ti timar med rier, midt ute i februar. Sidan har vi lært noko kvar dag om det å vere foreldre. Dette vart også året då vi vende ryggen til Hammerfest, og flytta attende til Bergen og leiligheita på Møhlenpris. I juni byrja eg som vinkelner på Park Hotel Vossevangen og vart togpendlar. Ein kan sikkert seie mykje om BM 69, men spesielt gode seter og lydisolering har det ikkje. I juli var vi gjester i fire bryllaup på rad, så det var den sumaren. Ut på hausten fekk vi oss vaskemaskin og vi kunne ta til att med tøybleier. Med pendling og bleiebretting har det blitt mindre tid til bøker, kino og konsert, men noko har eg fått med meg. Som sommelier har eg fått høve til å smake mykje interessant vin, men det har blitt mykje i forbifarten. Nokre har eg då fått høve til å nyte i ro og fred eller godt lag. Lista nedanfor er difor lett blanding av jobb og fritid.

Aili sju minutt ut i livet og inn i verda.

Vel heime hjå far.

Trøttetroll.

Saman med mor i hammocken i Masfjorden.

Siste dag på jobben før jul. Eg kjenner meg fortent til å posere med Romanée-Conti..

Listeoppsumering

Bøker:
Question of taste, the philosophy of wine
Hermanas - Torgrim Eggen
Den nye Dylan - Torgrim Eggen
Wine and philosophy
Verden uten oss - Alan Weisman

Vinar:
Meriggio 2006 - Fontodi
Pur Sang 1999, 2000, 2001 - Didier Dagueneau
Hocheimer Hölle Auslese Trocken 1993 - Franz Knstler
Ribolla Gialla 2003 - Stanislao Radikon
Chablis 2005 - Duplessis
Bonnes Mares 1998 - Roumier
Chambolle-Musigny Les Amoureuses 2002 - Mugnier
Ch. Margeaux 1985
Ch. Latour 1983
Opus One 1994 - Mondavi/Rotschild
Flaccianello della Pieve 1995 - Fontodi
Chianti Riserva Bucerchiale 1998 - Selvapiana
Ch. Mouton-Rotschild 1982
Botond Tokaji Cuvee 2006 - Istvan Szepsy
Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling Auslese 2005 - Dönnhoff
Scharzhofberger Riesling Spätlese 2005 - Reichsgraf von Kesselstatt
Quart de Chaume 2004 - Chateau de Variere

Filmar:
Kautokeinoopprøret
Indiana Jones 4
The Dark Knight
Happy Go Lucky

Konsertar:
Neil Young
Ungdomskulen
Empty bottles broken hearts

Tal diasfilmar teke i år: 0
Tal svart-kvitfilmar teke i år: 0
Tal eksponeringar digitalt i år: nokre tusen

Av og til er ikkje ein millimeter nok..

desember 8th, 2008

Over bekken etter vatn

november 11th, 2008

Vi arva nokre peng etter Guro, og vi tenkte kanskje at vi skulle kjøpe noko kunst. På ein tur heime i Sunnfjord undersøkte vi om det var noko å få kjøpt av den ikkje heilt ukjende Oddvar Torsheim, original, lokal helt og 70-årsjubilant. Det var ikkje så lett, men han skulle ha ei utstilling i Oslo om ikkje lenge, der det skulle vere ein del bilete til sals. No i helga var vi i Oslo, og jammen vart vi etter kvart samde om å kjøpe ein akvarell frå 2003 som heitte “Heim, kjære heim”. Dersom de har sett dette bilete, skjønar de sikkert at det ikkje var utan ein viss debatt at vi faktisk kjøpte dette bilete.

Dersom de er i Oslo kan de sjå dette og andre Torsheim-bilete på Galleri Tonne i Kristian Augusts gate 12, fram til 16. november.

A for alternativ

november 3rd, 2008

I dag var eg ute og trilla med Aili. Fotoapparatet var med, men det flate lyset innbaud ikkje til storstillt knipsing. Ved Kvarteret fekk eg eit slags motiv i søkaren og trykte av. Ei dame kom forbi og lurte på kva eg tok bilete av.

Ved sida av denne tomme tavla var det ein einslig teikna plakat. Ho lurte på om det var eg som hadda teikna han, men eg svara nei. Då eg hadde pakka ned fotoapparatet sa dama; Du ser litt alternativ ut, vil du kjøpe Gateavisa?

Eg er litt usikker på kva som var så alternativt med meg? Eg kjekk i relativt moderne reine klede, trilla ei helt vanlig barnevogn. Det var vel at eg knips denne tavla, då kanskje?

To trøytte fuglar. Og sjølvutløsar

oktober 29th, 2008

Klokka er fem over åtte. Nokon er vakne. Far kunne tenkje seg å sove litt til. Far står noko motvillig opp. Nokon slappar av på golvet med ein kosebamse. Far fyrer i peisen. Far strevar litt. Far har blitt lurt. Far har kjøpt fuktig ved. Det tek ikkje fyr med ein gong. Far får fyr til slutt. Far får auge på fotoapparatet. Det har sjølvutløysar. Far tek bilete. Vi er trøtte. Og vi dokumenterer.

Ny dag.

Sol i Bergen.

Kaffi snart..

Regnfullt i skoddeheimen

oktober 27th, 2008

Eg var ein tur heimom gamlingane i Sunnfjord, som det høver seg for ein god son. Og her regna det like mykje som eg hugsar frå barndomen. Bergen har ufortent fått stempelet som byen med mykje regn, for eg må seie at regnet i Førde er våtare, kaldare og meir intenst. Eg var i sentrum og trilla rundt med Aili i vogna, og på veg til Kvernberget i Halbrendslia måtte eg innom Jarles Gåvesenter for å få litt varme i meg og sende ei tekstmelding. Etter tre år i ultima thule (Hammerfest) skulle ein tru eg var immun mot litt ruskever. Men der var det altså primært motvind som var faktoren. Eg må altså gjennom ei “vestifisering” for å kome attende til tilstand der eg kan gå lett smilande i fem grader og tungt regn i timesvis. For det kan bli naudsynt, skal vi tru klima- og verprognosar for framtida.

Med nepa full av kålrot

september 21st, 2008

Kaste grauten/grautkasten

september 21st, 2008

Trening helse trivsel

september 15th, 2008

I dag har eg jogga for fyrste gong på, tja, to tre år? Lenge i alle fall. Det var ikkje kjempegøy, men det var vel til bate for kropp og helse. Fekk meg nye joggesko for fleire veker sidan og nokon har visst meld meg på eit laup i Gøteborg til våren. Er berre å leggje seg i hardtrening. Godt at det laupet ikkje er i morgon..